Leig lokaler til fest og andre arrangement

Planlegg du ein fest for bedrifta di, vener eller familie? Leiter du etter ein stad å halde 50-årslag eller konfirmasjon? Vi har mange gode lokaler som kan leigast til selskap, møter, kulturelle arrangement, undervisning og ikkje minst idrett.

Volda si eiga storstove kan brukast til langt meir enn berre idrett. Vi har leigd ut lokaler til blant anna dåp, konfirmasjonar, undervisning, julebord, samlingar for næringslivet og ei lang rekke kulturelle arrangement.

Ta kontakt med driftsleiar Eldar Meek (eldar.meek@voldacampusarena.no) dersom du ønskjer å leige eller eventuelle spørsmål.

Leigeprisar finn du her:

https://www.voldacampusarena.no/utleige-av-vca/: Leig lokaler til fest og andre arrangement

No kan du bli medlem i VCA Trening

For knappe 7 kroner per dag kan du no få tilgang til styrkerommet som har 100 kvm med moderne treningsutstyr av høg kvalitet.

Vi opnar no opp for at alle som ønsker det kan få bruke styrkerommet på Volda campus Sparebank1 arena. Dette er perfekt for deg som helst vil trene individuelt og ikkje ønsker lang bindingstid for medlemskap. Vi kan tilby følgande fordelar:

  • Inntektene frå Treningsavgifta går direkte til å styrke tilbodet for idrett blant barn og unge – ikkje til aksjeutbytte til eit konsern.
  • Her kan du trene sjølv mens barnet ditt er på trening. Praktisk og enkelt
  • Inga bindingstid for medlemskap
  • Sentralt plassert på campus, kort veg for studentar og andre
  • Styrkerommet har moderne treningsutstyr av høg kvalitet

Ved innmelding innan 10. mai vil du få gratis nøkkelkort (ordinært 200 kroner)

Les meir om medlemsvilkår her: https://www.voldacampusarena.no/vilkar-og-reglar-for-styrkerom-og-spinningrom/

Registrer medlemskap her: https://blimedlem.voldacampusarena.no

Om parkering pga bygging av symjeanlegg ved VCA

Viktig informasjon til brukarane av Volda Campus Sparebank1 Arena.

Grunnarbeidet til den nye symjehallen er no starta opp, og dette får følgjer for parkering.

Rigg, peling, betongarbeid og grunnarbeid har no starta (desember 2022). Sluttdato for prosjektet 16.10.2024

Parkeringsplan vil bli nytta av entreprenør og avstengt
· Hovudinngang vil bli stengt i periodar, men usikkert når. Prosjektleiar (Volda kommune) følgjer opp dette i vidare dialog med VCA når det nærmar seg. Det kan bli noko trafikk på vestsida av VCA til varelevering.
· I sum blir riggområdet avstengt.

  • Kommunen har leigd arealet på Rotevasstomta til parkering. (Ny gruslagt parkeringsplass, rett overfor Hans Strøm bygget)
  • Kort veg å gå mellom Brakkene og Høgskulebygget, til Volda Campus Sparebank1 Arena, og hovudinngangen til Høgskulen.
  • Bruk også parkeringsplassen i kjellaren til VCA.

Sjå også kartskisse over området

Vil du vere hallvert i Volda campus Sparebank 1 arena?

Volda campus Sparebank 1 arena er Volda si nye storstove. Arenaen stod klar til bruk 7. desember 2020. Arenaen er bygd og eigd av Volda campus arena AS, eit firma som Volda handballklubb og KFUM Volda volleyball står bak.
Vi søker no etter hallvertar til hallen på timebasis ettermiddag og kveld. Hallvertane skal bidra til at anlegget til ei kvar tid er ryddig, og i tillegg hjelpe og rettleie brukarane av hallen.
Målet med hallvertar i hallen er å gi auka trivsel i eit reint og ryddig bygg. Hallvertar gir redusert sjanse for hærverk, motverkar mobbing, og gir ein generell auka trivsel og tryggleik i hallen.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og alle vakter må være over 18 år. Det vil bli gitt opplæring.

Typiske oppgåver for hallvertar:
• Gå tilsynsrunder
• Generell rydding
• Lettare smittevernreinhald
• Sjekke og etterfylle forbruksvarer på toalett/garderobe/fellesareal
• Sjå til at styrkerom er tomt og ryddig ihht. oppsett ved stengetid
• Sjekke at lager og garderobar er tome før låsing av hall
• Låsing av hallen
• Mogleg sal av enkle produkt og kaffe frå Cafe’en. Etterfylling etter behov

Hallvertane vil få arbeidskontrakt med VCA AS og vert følgde opp som arbeidstakarar. Som hallvert vil ein forplikte seg til opp til 8 timars vakt i veka, som er løna arbeid. Vi ser for oss å ha to hallvertar pr dag (måndag til fredag) og kvar hallvert vil ha ei 4 timars vakt. Men dette kan endrast. Hallen skal haldast open frå kl. 1500 til kl. 2100 kvar kveld.
Nærare informasjon om løn og arbeidsforhold elles får du ved å vende deg til driftsleiar Eldar Meek på tlf. 928 59123 eller e-post eldar.meek@voldacampusarena.no. Vi har som mål at hallvertane skal vere operative frå tidleg i september.

Kort søknad og CV sendast til post@voldacampusarena.no innan 2. september.


Eldar Meek ny driftsleiar

Då er ny driftsleiar tilsett i VCA AS. Eldar Meek tek til i rolla i løpet av sommaren, og vil vere i full aktivitet frå hausten. Han vil ha kontor i Volda campus Sparebank1 arena. Eldar er frå Volda og bur nær hallen. Han har allsidig erfaring og styret meiner han vil kome til å gjere ein god jobb i ei litt ny stilling i VCA AS.


Rune Aarflot sluttar i stillinga som Dagleg leiar 30. juni og er allereie i gang med opplæring i den nye jobben sin. Vi ønsker Rune lykke til i ny spennande jobb.

Volda Campus Sparebank 1 Arena søkjer etter teamleiar for hallvertar

Volda Campus Sparebank 1 Arena er ein treffstad på kveld og i helgar for store delar av idrettsmiljøet i Volda-samfunnet i tillegg til fleire kulturaktivitetar gjennom heile året. På dagtid er aktivitetssalane i stor grad utleidde for elevar på barne- og ungdomsskulen, samt vidaregåande skule.Hallen har to speleflater for handball, to aktivitetshallar, fleirbruksrom, klatrehall, styrketrening- og spinning rom, ulike sosial rom, kafé, møterom, parkeringskjellar etc. Samla areal er ca. 11 000 m2.

Selskapet har en klar ambisjon om at hallen skal være open kvar dag til kl. 21-22 og har derfor behov for å tilsette ein person som teamleiar med ansvar for at hallen har hallvertar kvar dag. Vi ser for oss at vertane har lønna arbeid, og teamleiaren kan og ta vakter i hallen sjølv.

Om stillinga

Deltidsstilling (ca 10%, dvs ca 4 timar i veka). Jobben som teamleiar kan gjerast både på dagtid og kveldstid. Jobben er veldig fleksibel. Teamleiaren vil rapportere til Driftsleiaren i hallen. Teamleiaren vil ha overordna ansvar for ordninga med hallvertar.

Arbeidsoppgåvene er knytt til organisering og bemanningsplanlegging av hallvertane i hallen, deler av arbeidet gjerast i samarbeid med Driftsleiar av hallen:

  • Søke etter og tilsette hallvertar
  • Utarbeide kontraktar til hallvertane
  • Organisering og kommunikasjon med hallvertane
  • Kan også ta på seg vakter som hallvert i hallen sjølv
  • Kontaktperson til hallvertane
  • Ansvar for rutinar og eventuelle justering av desse
  • Oppfølging av at rutinar vert følgt opp
  • Kan også være aktuell som vikar for Driftsleiar ved behov

Kvalifikasjonar

Det er ein fordel med litt erfaring frå arbeidslivet. Personen vi søkjer er engasjert, er en god organisator og har gode kommunikasjon og samarbeidsevner.

Vi ynskjer tilsetting i løpet av juni 2022. Løn etter avtale.

Teamleiaren rapporterer til Driftsleiar i VCA AS.                                     

Søknadsfrist: 18. mai 2022.

Ved spørsmål til stillinga kontakt Janicke W. Driveklepp tlf 915 91 885. Søknad sendast til styreleiar janickedriveklepp@gmail.com

Volda Campus Sparebank 1 Arena søkjer etter driftsleiar

Volda Campus Sparebank 1 Arena er ein treffstad på kveld og i helgar for store delar av idrettsmiljøet i Volda-samfunnet i tillegg til fleire kulturaktivitetar gjennom heile året. På dagtid er aktivitetssalane i stor grad utleidde for elevar på barne- og ungdomsskulen, samt vidaregåande skule.

Hallen har to speleflater for handball, to aktivitetshallar, fleirbruksrom, klatrehall, styrketrening- og spinning rom, ulike sosial rom, kafé, møterom, parkeringskjellar etc. Samla areal er ca. 11 000 m2.

Selskapet har i to år hatt ein prosjektstilling i 100% og vi ser nå etter ein driftsleiar i ca 60% stilling i den vidare drifta av hallen.

Om stillinga

Deltidsstilling (60%). Jobben som driftsleiar blir i størst mogleg grad utført på dagtid mellom 09.00 – 14.00, men ein må pårekne noko fleksibilitet i arbeidstid. I tillegg til driftsleiar vil VCA ha ein teamleiar for hallvertar på ettermiddags-/kveldstid.

Arbeidsoppgåvene er knytt til dagleg drift av anlegget, der følgjande oppgåver er sentrale:

  • Fast kontaktpunkt for leigetakarane på dagtid
  • Drift og oppfølging av ulike system
  • Leverandøroppfølging samt oppfølging av serviceavtaler
  • Halde oversikt over booking og ledig kapasitet i hallen til ei kvar tid
  • God kommunikasjon med og oppfølging av teamleiar for hallvertar, personalansvar for teamleiar og hallvertar
  • Godkjenning og betaling av fakturaer
  • Sal og marknadsføring
  • Praktisk vedlikehald og tilrettelegging
  • Andre oppgåver som naturleg høyrer til stillinga

Kvalifikasjonar

Det er ein fordel med relevant utdanning utover vidaregåande skule. I tillegg ynskjer vi at du har fagleg innsikt i eigedomsdrift og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi ynskjer tilsetting i god tid før 1.9.22. Løn etter avtale.

Driftsleiar rapporterer til styreleiar i VCA AS.

Søknadsfrist: 6. mai 2022 Ved spørsmål til stillinga kontakt Janicke W. Driveklepp tlf 915 91885. Søknad sendast til styreleiar janickedriveklepp@gmail.com

Om musikalen 2022 – Life, actually

«Vårens vakraste eventyr» – musikalen av og med Volda vidaregåande skule!

I år har musikalshowet fått tittelen «Life, actually», og vil vere ei konsertoppleving med fokus på nettopp livet, og såleis fokusere gjennom både musikk, dans og bilete på mellom anna alle gleder, sorger, frykter, draumar og lengslar vi har gjennom livet, både som ung, vaksen og gamal. Musikalen er det største tverrfaglege samarbeidsprosjektet i regionen der musikklinja, medielinja og KDA går som samla flokk mot felles mål. Noko som betyr at over 100 elevar og lærarar er involvert i prosjektet.
Grunna den nye omikronvarianten og dei nasjonale tiltaka blir det dessverre eit avgrensa tal på publikumsplassar, noko som då betyr at vi legge opp til fleire framsyningar enn normalt.
Vi vonar at så mange som kan og vil, tek turen innom oss både på premieren 14. februar og i dagane etterpå! Vi treng alle litt ekstra kulturopplevingar no for tida!

Vi kjem uansett til å legge oss i selen for å lage eit sceneshow med glimt i auget og med håp for framtida!

Pris per person: 320,- (i tillegg kjem formidlingsgebyr ebilett/VCA).
(Personar med gyldig følgekort får kostnadsfri inngang)

Arrangementet har inga aldersgrense.


Billettar finn du her: https://ebillett.no/voldacampusarena

Velkomen til opningsfest

Dette blir ein heilaften med fullspekka kulturshow under opninga av Volda Campus SpareBank1 Arena
Dette blir eit forrykande show med både lokale og kjende artistar som Øyvind Lied, Venche V. Leite, Janne Skarstein, Martha Pavelich, Carina Dahl, Candice Bredesen, Øystein Salhus, Dan Åsebø, Svein Hunnes.
Kapellmeister og regissør for opningsshowet er Øvind Lied.

I tillegg lovar vi eit forrykande program med multimediashow, prominente gjestar, gründerane, Arenafanfare, «Snorklipping», danseshow og ein tøff overraskingar. Etter opningsshowet blir det tapasbord, og tid for prat før Elton John-konserten kl. 21.30, som er inkludert.

Opningsfesten blir leia og sydd saman av Volda si eiga Line L. Oddekalv.

Velkomen til opningsfest i vår nye idrett- og konsertarena!

Billettar finn du her: https://checkout.ebillett.no/327/events/26/purchase

Opningsarrangementet er støtta av SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Velkomen til offisiell opning av Volda Campus SpareBank1 Arena og Elton John tribute-konsert!

Vi inviterer til ein hyggeleg kveld med opning av hallen vår. Vi startar kvelden kl. 18.00 med matservering og flott lokal underhaldning for å markere denne store dagen. Klokka 21.30 kjem Kjetil Grodås på scena og gir oss kjente låtar frå den levenda legenda Elton John.

Med ei over 50 år lang karriere bak seg, med 300 millionar selde album og over femti topp 40 hits på begge sider av Atlanteren, er Elton John ein av verdas største nolevande artistar.

No vert Elton John sin musikk teken inn i Volda sin ye storstove Volda Campus SpareBank 1 Arena med eit show i storskalaen!

Etter gjennombrotet på starten av 70-tallet er Elton framleis like aktuell, no som han er på si avskjedsferd ”Farewell Yellow Brick Road” samtidig som filmen ”Rocket Man” og biografien ”Me Elton John” står i film- og bokhyllene.

Kven har ikkje gode minner til ein Elton John-låt, enten det er tenna i tapetet til «Saturday Night’s Alright For Fighting» eller «The Bitch Is Back» til dei mer sarte balladehitene «Sacrifice» eller «Can You Feel The Love Tonight»?

Med eit seksmannsband i ryggen, gjer Kjetil Grodås fra vestlandsbygda Hornindal Elton John betre enn nokon andre. Heilt frå han rakk opp til tangentane på pianoet har det gått i ”Mr. Rocket Man”, og han har snart 20 år bak seg som Norges svar på den britiske legenda.

Låtane til Elton John har vore rundt oss så lenge at vi nesten har teke eigarskap til dei sjølve. Dei er ein del av vårt kulturelle vokabular, våre minner og våre assosiasjonar – om vi plukka dei opp på 70-, 80-, 90-tallet eller seinare. Det er då med dobbel botn at denne konserten heiter det same som Eltons første store hit, «Your Song».

På konserten i Volda har Kjetil Grodås med seg ein utvida versjon av sitt faste backingband. Gjestelista på scena inkluderer også Julijane Vasbotn Remmereit, Jekeziarem «Jeki» Villanueva, Ulf Kristiansen og Sverre Eide som vi kjenner frå The Voice. Kjendisfaktoren er også til stades når Carina Dahl som er med i haustens Stjernekamp på NRK også står på scena med Grodås og resten av ensemblet. I tillegg stiller dei lokale artistane Øyvind Lied, Janne Skarstein og Venche Vartdal Leite i koret.

Arrangementet har 18 års aldersgrense

Bli med oss på folkefesten – ting din billett her: http:///www.ebillett.no/voldacampusarena